Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Ulovlig vegbygging i Suldal

Ulovlig vegbygging i Suldal

25. januar 2022

Grunneigar Jarle Tveit på Hamrabø i Suldal har bygd en 1100 meter lang traktorveg utan å søke. Kommunen ga nåde og løyve, men dette vedtaket har no Statsforvalteren heva.

Vegen er bygd i nedbørfeltet til Hamrabøåna som er varig verna mot kraftutbygging. Vegen har og skada myr og andre sårbare natur- og kulturverdiar. Grunneigar meiner vegen er så «mild» at den ikkje er å rekna som søknadspliktig. Det var ikkje kommunen einig i, men politikarane meinte likevel at den kunne godkjennast.  Ein tilsvarande vegtrasé har tidligare blitt omsøkt  og blei då avslått av fylkesmannen i Vest-Agder i 2011. 

Den ulovlege vegen oppfyller ikkje kriteria i forskrifta om landbruksvegar, hevdar Statsforvalteren. Om det er rett må kommunen følgje opp vegsaka i medhald av plan- og bygningsloven og dei reglane i loven som gjeld ulovlege tiltak. Grunneigar har høve til å klage Statsforvalteren sitt vedtak inn for Landbruksdirektoratet.

Det var Naturvernforbundet som i si tid fremja klage på vegprosjektet som i 2009 gjekk under namnet Kroleitevegen. Den ulovlege vegen følgjer nesten same trase, men går no under namnet Hovdestølvegen. Naturvernforbundet har klaga vegbygginga til kommunen, men klagen er ikkje behandla fordi Statsforvalteren allereie har oppheva kommunens løyve til vegbygginga.  

Foto: Grunneigar Jarle Tveit har bygd veg inn til Hovdestølen utan å søke om løyve. Foto: Erik Thoring

Hovedfoto: Statsforvalteren meiner vegen som er bygd i Hamrabøheia er ulovleg og må handsamast etter plan- og bygningslova. Bilete er tatt i november 2019. Foto: Erik Thoring

Forrige nyhet

Aldri fred å få

11. januar 2022

Midt i stormen rundt strømkrisen kommer Ap og Sp på banen med en avledende manøver. I stedet for å gripe tak i stormens opphav, Energiloven fra 1991, går regjeringspartiene løs på vassdrag som er varig vernet mot kraftutbygging. Angrepet blir pakket inn i diverse forbehold, men ånden er sluppet ut av flaska. Vernede vassdrag er kanskje ikke så vernet likevel.

Neste nyhet

Et lite hurra for Enova!

2. februar 2022

Enova lanserte i dag nye og endrede støtteordninger til både boliger og borettslag, og økt blant annet støtten til solcelleanlegg til husholdningene. Dette har vi jobbet for lenge!