Me vil rå til at Suldal kommune endrar sin tiltaksstrategi i meir miljøvennleg retning, der skogeigarar også vert oppmoda til å ta vare på dei rester av naturskog – skog som ikkje har vore flatehogd i nyare tid – me framleis har. Forskrifta opnar for at kommunen kan bidra med «Delvis dekning av økonomiske tap knyttet til langsiktig bevaring av spesielle miljøverdier, der hensyn til disse krever at skogeieren avstår fra hogst eller legger om skogsdriften» og også dekking av meirkostnader ved å unngå vegbygging i meir villmarksprega område.
Suldal kommune har hatt til høyring ein strategi for skogbruket der ein m.a. går inn for å hogga meir furu- og lauvskog, og erstatta desse områda med granplanteskog etter hogst. Dette må vera det motsette av miljøtiltak i suldalsskogbruket, meiner Naturvernforbundet i Suldal.
Heile Naturvernforbundet i Suldal sitt lesarbrev fiin du her: Lesarbrev skog 201023
Bilde: Desse to skogsmiljøa er fotografert berre nokre få hundre meter frå einannan på Jelsa-halvøya. Den opphavlege edellauvskogen med m.a. eldgamle lindetre, er på eit område erstatta med granplantasje. Foto Rune Roalkvam