Naturglede for heile familien i Høyvik
17. juni inviterte Naturvernforbundet i Suldal og La Sandsfjorden leva! til familiedag på Høyvik ved Sandsfjorden. 50 – 60 barn og vaksne brukte den fine laurdagen til å bli betre kjent med Suldalsnaturen.
Kjenner du til kor mange havørnpar som hekkar ved fjorden i strekket frå Jelsa til Hylen? Veit du kor mange naturreservat det er i Suldal kommune? Kor mange artar sommarfugl er registrert i Suldal?
Var du på Natur- og familiedagen i Høyvik sist laurdag er det sannsynleg at du har svaret på desse tre spørsmåla. Eva Songe Paulsen og Rune Roalkvam hadde i regi av Naturvernforbundet i Suldal stelt i stand ein natursti som gjekk frå grendehuset på Lund over Habn ned til Holmen i Høyvik. Ein skjergardsidyll og eit paradis med fjord og fjell.
-For Naturvernforbundet i Suldal er det viktig at folk får augo opp for den fantastiske naturen me har i Suldal. Roy Høibo snakka litt om oppgåvene organisasjonen har med å vera talsmann for naturen og artane som ikkje har ei eiga røyst når arealsakene blir avgjorde i møteromma. Denne agendaen stiller også organisasjonen La Sandsfjorden leva! seg bak. Dei stod for mat og kaffi.
17. juni 2023 var ein dag der naturgleda og grendefellesskapet sto i sentrum. Det var kjekt å setja kvarandre i møte ved det nymåla grendehuset for første gong etter pandemien. Folk benka seg rundt borda på den gamle skuleplassen og kaffi, brus og kaker fekk bein å gå på. Det gjorde godt å kunna gle seg over den fine dagen og det gode samværet. Drøsen gjekk om nåtid, fortid og framtid.
Ein kan ikkje stikka under ein stol at folket ved Sandsfjorden har sitt å stri med. Ikkje berre er det natur- og klimakrise, men det er her storindustrien har gjort innhogget sitt og det er her Suldal kommune og industrien sjølv ynskjer å gjera ennå større innhogg i natur og landskap. Erfaringar av denne typen er krevjande å leva med.
Nyeste nyheter
- Mostun-tilbud rammes av budsjettkutt
- Gripende og engasjerende om vindkraft
- Stadig fleire melder seg inn i Naturvernforbundet
- Vindkraft i Rogaland: Hva skjer nå og hva betyr det for deg?
- Flott dagstur til Brekko
- Enorm oppslutning om fakkeltog
- Nå blir det lokallag i Dalane
- Stor interesse for skog i Rogaland!
Sivilombudet refser Statsforvalteren
6. juni 2023
«Vedtaket om bygging av Nye Veavågen skole på Karmøy er basert på uriktig/mangelfullt faktum og må anses ugyldig, konkluderer Sivilombudet». Bakgrunnen er en klage fra Naturvernforbundet.
Parkér Vassøybrua
20. juni 2023
Bru til Vassøy har samlet støv i over 30 år. Nå har politikerne i fylkeskommunen børstet av støvet og bedt Stavanger kommune om å utrede bruløsninger.
Kontaktinfo
Post: Henrik Ibsensgate 59, 4021 Stavanger
Besøk: Mostun natursenter, Henrik Ibsensgate 59, 4021 Stavanger.
Inge Steenslands hus, Henrik Ibsensgate 61, 4021 Stavanger
Telefon NiR: 966 10 221
E-post: rogaland@naturvernforbundet.no
Åpningstid kontoret: 08.30–15.30
Telefon BVJ: 977 12 253
E-post: post@bvj.no
Telefon utleie: 977 94 816
E-post: utleie@mostun.no
Kontonummer drift: 1503 80 05879
Giverkonto (naturvernfadder): 3201 41 63327
Organisasjonsnummer: 971 339 993