
Utanfor Jæren, her ved Ogna, er det planar om oppdrett til havs. Foto: Gaute Henriksen
Lakseelvene på Jæren er blant dei i landet som klarer seg best når det gjeld lakselus og synkande bestandar. Men snart kan det også bli oppdrettsanlegg i havet utanfor Jæren.
Nærings- og fiskeridepartementet har sendt eit forslag til områdetildelingsforskrift for oppdrett til havs ut på høyring. Ifølgje NRK blir det her foreslått å lysa ut tre område for havbruk til havs i første omgang. Regjeringa legg opp til at selskapa skal konkurrera om å få ta i bruk områda for oppdrettsnæring til havs.
Det eine av desse områda gjeld Norskerenna sør, eit område utanfor Jæren på heile 364 kvadratkilometer. Dei to andre områda er utanfor Trøndelag og Helgeland.
Til NRK opplyser forskar ved Havforskingsinstituttet, Kjell Rong Utne, at ein ikkje veit kva konsekvensar den nye typen havbruk kan få for miljøet i havet og andre artar. Han peiker også på rømt oppdrettslaks som ein risiko, også når merdane er langt ute til havs.
– Vi veit ikkje kva som vil skje når rømming skjer langt ute til havs, seier han til NRK.
Naturvernforbundet i Rogaland deler bekymringa. I dag er lakseelvene på Jæren blant dei i landet som klarer seg best når det gjeld lakselus, sjukdommar og synkande bestandar. Det har nok samanheng med at Jæren, i motsetnad til Ryfylke og nordfylket, til nå har blitt spart for den sterke satsinga på fiskeoppdrett.
Fleire av elvene på Jæren og i Dalane har stabilt med laks og ennå relativt godt laksefiske. Bjerkreimselva, til dømes, er Rogalands mest produktive lakseelv og er rekna blant dei beste i landet. Men kva skjer om oppdrettsanlegg nå blir plasserte i havet utanfor jærkysten?
Fleire miljøorganisasjonar har åtvara mot havbruk til havs. Norges Jeger- og Fiskerforbund, Naturvernforbundet, WWF Verdens naturfond, Reddvillaksen, Natur og Ungdom og Norske Lakseelver leverte i fjor eit felles høyringsinnspel kor ein konkluderte med at risikoen for miljø og villaks er altfor stor.