Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Det koker i Suldal!

Det koker i Suldal!

23. november 2021

Sandsfjorden kan døypast om frå nasjonal laksefjord til nasjonal industrifjord om utbyggarinteressene får det som dei vil. Det hevdar fastbuande og hyttesuldøler på Høyvik og Berakvam som risikerar å få gigantiske industrianlegg i sine naturvakre omgjevnader.

Det eine er Norsk Stein på Berakvam som brukar opp steinbrotet raskare enn forventa. Dei vil opna eit nytt steinbrot i fjellet aust for Høyvik som blir omtrent det dobbelte i storleik. Det eksisterande steinbrotet kan bli grunnlag for ei stortstilt satsing på bygging av havvindinstallasjoner. Det inneberer sprenging av strandsone  og utfylling i sjø. Som om ikkje dette var nok, har ein grunneigar litt lengre inne i fjorden føreslege å bruka fjellet Sauaskolten til nytt steinbrot. Planane og innspela skal handterast av kommunen i ei ny kommuneplan som er under utarbeiding.

Oppi alt dette kjem det og ein annan viktig natursak. Ulla-Førreutbygginga skal reviderast. Det vil seie at ein skal sjå på moglege forbetringar  av det 40 år gamle kraftanlegget. I tillegg veit ein at dei 60 år gamle kraftanlegga til Røldal-Suldal Kraft og skal under lupa. Her har Naturvernforbundet allereie føreslege å sjå på ein samordning med Ulla- Førre og Blåsjømagasinet. Poenget er mellom anna å få attføre den grøderike Valldalen som blei drukna i eit vannmagasin på 60-talet.

Suldal har og fått mykje merksemd i det siste då det blei kjent  at Norsk Stein hadde bygd vegar inn i skogen for å ta boreprøver. Dei hadde ikkje søkt om løyve, og noko motviljug måtte kommunen krevja vegane tildekt for å rette opp naturskadene så godt det kan la seg gjere. Naturvernforbundet har klaga på at kommunen har gitt ein grunneigar i Hamrabø løyve til å bygge ein landbruksveg attmed det verna Hamrabøvassdraget. Løyvet blei gitt etter at vegen var bygd utan søknad. Klagen skal handsamast av kommunen og deretter av Statsforvalteren som har siste ord.

Naturvernforbundet og organisasjonane i Forum for Natur og Friluftsliv ønskjer å drøfte dei mange kontroversielle sakene i Suldal med kommuneleiinga. I dag tysdag møtte ein delegasjon frå organisasjonane mellom anna ordførar Gerd Helen Bø på kommunehuset i Sand.

Bildet: Store dimensjonar  på Noregs største steinbrot på Berakvam i Sandsfjorden. No ønskjer selskapet å knuse eit fjell inne ved Høyvik. Foto: Norsk Stein

Forrige nyhet

Full sal og gode innlegg

22. november 2021

Gode tilbakemeldinger fra publikum da konferansen «Broen til framtiden» ble arrangert for andre året på rad i Stavanger. Naturvernforbundet og Grønn By sto som arrangører for en konferanse som handlet om energi og landbruk i det grønne skiftet.

Neste nyhet

Våtmarkssenteret godkjent for fem nye år

6. desember 2021

Besøkssenter våtmark Jæren (BVJ) er reautorisert av Miljødirektoratet for fem nye år! – En gledens dag, uttaler styreleder i BVJ, ass. fylkesmiljøvernsjef Per Kristian Austbø hos Statsforvalteren i Rogaland.