Velg en side

Kjem neste lokallag på Jæren?

Dei svært mange vindturbinanene og stadig nye vindkraftplanar utfordrar naturvenrnarbeidet på Jæren. Foto: Espen Mills

Naturvernforbundet ønskjer fleire lokallag i Rogaland. Store delar av Jæren er i dag utan lokallag.

Det er i dag sju lokallag i fylket vårt. Men det er behov for fleire. Naturvernforbundet i Rogaland jobbar for å få på plass minst eitt nytt lokallag i Rogaland kvart år.

– Med dagens sju lokallag dekker me nå det meste av fylket. Det er særleg utover på Jæren at det manglar lokale lag. Her finn me fleire kommunar som burde hatt god nytte av eit lokallag. Natursakene står i kø i jærkommunane, men me saknar her lokale kontaktpersonar som vil yta ein ekstra innsats for naturvernarbeidet. Me veit at det har vore ei viss interesse for å starta nytt lokallag i Time. Kanskje det neste lokallaget kjem der, eller eventuelt at det blir laga eit lokallag på Jæren som dekkjer flere kommunar, kanskje både Hå, Time og Klepp, kommenterer fylkessekretær Gaute Henriksen i Naturvernforbundet i Rogaland.

Også i Gjesdal manglar det lokallag.

Dersom det finst nokon på Jæren som vil starta lokallag for Naturvernforbundet, anten for ein eller fleire kommunar, så er det bare å ta kontakt.

– Me er særleg interessert i medlemmer på Jæren som kan tenkja seg å vera med i styret i eit lokallag, legg Henriksen til.

Vil du vera med og starta lokallag, kontakt oss i fylkeslaget på: rogaland@naturvernforbundet.no

Lørdag 21. november arrangerer Naturvernforbundet i Rogaland ei større samling i Inge Stenslands hus på Mostun natursenter, der styra i alle lokallaga  i Rogaland er inviterte til å delta. Samlinga blir ein viktig møteplass for utveksling av erfaringar frå naturvenrnarbeidet i dei ulike laga.