
Frå det aktuelle hubroterritoriet på Karmøy. Foto: Bjørn Arne Hveding
Spørsmålet om realisering av ein ny og omstridt vegtrasé på Karmøy nærmar seg avklaring. Hubroar, kystlynghei og friluftsliv kan bli ramma om regjeringa ikkje tek ei motsegn frå Statsforvaltaren til følgje.
Ein ny trasé for fylkesveg 547 mellom Åkra sør og Veakrossen på Karmøy blei stansa av den raudgrøne regjeringa allereie i 2012. Men på grunn av ein omkamp etter regjeringsskiftet i 2015, er prosjektet nå for femte gang til behandling hos departementet. Ei konsekvensutgreiing frå 2023 er tydeleg på at ein lang miljøtunnel samla sett er det beste alternativet.
Fylkeskommunen fekk same år også laga ein moglegheitsstudie som viser at oppgradering av den eksisterande vegen vil vera eit godt alternativ til å byggja heilt ny veg på den aktuelle strekninga. Naturvernforbundet meiner at dette viser at det ikkje er stort behov for dette kostbare vegprosjektet, som vil ha omfattande negative konsekvensar for fleire truga fugleartar, store jordbruksareal og friluftslivsområda aust for Åkra. Det finst blant anna eit produktivt hubroterritorium i dette området, som står fram som viktig for hubrobestanden både på Karmøy og i eit større regionalt perspektiv.
Viss prosjektet skal gjennomførast, har regjeringa nå sjansen til å ta ei motsegn frå Statsforvalteren til følgje, og dermed støtta kravet om ein miljøtunnel. Ingrid Fiskaa fra SV har denne veka stilt spørsmål på Stortinget om denne saka. Der ber ho kommunal- og distriktsministeren nytta høvet før valet og krevja ein miljøtunnel til fordel for hubro, kystlynghei og friluftsliv på Karmøy.
Spørsmålet frå Ingrid Fiskaa finn du her.