Velg en side

Stor interesse for stiftingsmøtet til nytt lokallag

Styret i det nye lokallaget for Vindafjord og Etne.

 
Naturvernforbundet i Vindafjord og Etne er nå offisielt stifta. Det skjedde på eit møte i Ølen onsdag 22. oktober.
 

Dermed har også Vindafjord og Etne fått ei lokal stemme som skal tala naturen si sak. Heile 16 personar møtte opp på stiftingsmøtet som føregjekk i Ølen Sanitetslag sitt lokale i Ølen onsdag kveld. Fylkessekretæren for Naturvernforbundet i Rogaland, Gaute Henriksen, geleida dei mange frammøte medlemmene gjennom det formelle som må til for å starta eit lokallag.

Det er til saman rundt 50 medlemmer i Etne og Vindafjord, og då var det imponerande at heile 16 av dei kom på stiftingsmøtet. Det vitnar om stort engasjement for naturvern i dei to kommunane, som ligg i Rogaland og Vestland fylke. Det er ikkje kvar dag det blir stifta lokallag over ei fylkesgrense.

Til styret for det nye lokallaget blei desse valde: Halldis Furre (leiar), Silje Sælen-Helgesson (kasserar), Grethe Tesdal (styremedlem), Gunvor Tesdal (styremedlem) og Linda Skaar (styremedlem). Styret er eit interimstyre som vil fungera fram til årsmøtet på nyåret. Førebels er det bare kvinner i styret, men det er håp om betre kjønnsfordeling når det blir styreval på årsmøtet.