
Arealressurskart over planlagde næringsareal. Kart: Miljødirektoratet
Det finst over 15 000 planlagde næringsareal i landet vårt. I Rogaland er heile 30 kvadratkilometer med natur og jordbruksareal tenkt brukt som næringsområde.
Det er på landsbasis sett av 356 kvadratmeter næringsareal i kommunale planar, og storparten av nye planlagde næringsområde er naturområde. Det viser ein fersk rapport som Norkart har laga på oppdrag frå Miljødirektoratet.
Bare 12 prosent av næringsareala ligg i grå areal, som allereie er utbygde. Nesten halvparten er skog, og 9 prosent er myrareal. Miljødirektoratet og Norkart tilrår planvask og regional planlegging for å sikra at naturen ikkje blir bygd ned.
Rogaland er blant fylka med mest planlagd næringsareal. Heile 30 kvadratkilometer er det totale talet for vårt fylke der skog, myr, annan natur og jordbruksareal skal byggast ut til næringsformål. Fem fylke har planar for meir næringsareal enn Rogaland, men desse fylka er i geografisk utstrekning større, som betyr at presset på naturen i Rogaland på det viset er kraftigare enn i dei fleste andre delar av landet.
Naturvernforbundet i Rogaland synest dei mange utbyggingsplanane er urovekkjande, med tanke på at Rogaland frå før har klart mindre inngrepsfri natur enn landsgjennomsnittet for fylka. Gjennom arealplanar det lokalpolitikarane som godkjenner dei fleste inngrepa. I ein rapport, som rådgivingsselskapet Menon Economics laga for Rogaland fylkeskommune i 2024, er det vist til ei spørjeundersøking blant kommunale leiarar. Den fortel at dei aller fleste kommunar i stor eller nokon grad opplever at arealbruken blir bestemt av næringsinteresser. Rekrutteringsproblem og små fagmiljø fører til at kommunar gir etter for utbyggingspress.
Miljødirektoratet peiker på at alle kommunar ikkje treng ha sitt eige store næringsareal. Dersom alle kommunar byggjer ut sine eigne store næringsareal, vil me mista mykje viktig natur og få store klimagassutslepp. Kommunar blir oppmoda til å sjå på tvers av kommunegrenser, og planleggja næringsareal i eit regionalt perspektiv.
Oversikta over næringsareal gjer det enklare for fylkeskommunar og statsforvaltar å gjera regionale vurderingar. Dei kan vurdera om det er mogleg å bruka dei allereie avsette områda, i staden for å setja av endå fleire naturområde.