
Vil me få oljeboring like utanfor dei flotte strendene på Jæren?
Under ONS har oljebransjen varsla ny leiteoffensiv. Det kan bety oljeboring og fare for utslepp like utanfor strendene våre – også på Jæren.
Oljebransjen er for tida samla i Stavanger til bransjekonferansen Offshore Northern Seas (ONS). Der har det kome fram at oljeselskapa også vil leita i mindre utforska areal etter olje og gass. Då regjeringa i mai lyste ut nye område for oljeboring, var den raude streken sett nærare kysten enn tidlegare. Naturvernforbundet meiner jakta etter olje og gass nærare kysten skjer utan debatt. Også på Jæren kan det i teorien bli oljeboring nær land.
– Tidlegare har det vore opplagt at me ikkje opnar leiting så nær kysten. Særleg Lista og jærstrendene er vårt Lofoten og Vesterålen, uttalte Erik Hammer, styreleiar i Naturvernforbundet i Rogaland, til Klassekampen nyleg. – Dette går under radaren og utan at ein ser konsekvensen av det. Me snakkar om boring så nær som fire kilometer frå land, la Hammer til.
Boring så nær land vil truleg bety at ein kan liggja på ei vakker jærstrand på ein solskinsdag og sjå ut i horisonten på oljeplattformene. Kva vil skje med jærkysten og andre nære kystområde om det lekk ut olje frå denne verksemda ved eit uhell? I dag har ein litt tid til å førebu seg på oppreinsking før eit oljeflak treff land; med oljeboring nær land vil risikoen ved eit utslepp bli mykje større. At Jæren er eit av de viktigaste fugleområda i Norge, og har nokre av dei finaste sandstrendene i landet, er ein del av dette biletet. Og kva med turismen på Jæren om strendene blir ramma av oljeutslepp?
Fleire av områda i Norge som nå kan bli brukt til oljeverksemd, ligg svært tett på land. Utanfor Lista fyr ved Farsund og utanfor øya Fedje nord for Bergen kan oljeplattformene faktisk koma enda nærare enn på Jæren. Her er det snakk om område som er under fire kilometer frå kysten. Det er så nært at sjølv eit lite oljesøl raskt vil gjera stor skade. Utslepp skjer, som til dømes i 2025 då eit oljeutslepp frå plattforma Njord, som då låg langt ute i havet, førte til at store klumpar med olje ramma kysten av Trøndelag og Nordland.