
Frå Vindafjord. Foto frå Google Maps
Rogaland skal i haust få eit nytt lokallag. Naturvernforbund-medlemmer i kommunane Vindafjord og Etne går nå saman om å starta eit felles lokallag. Det nye lokallaget vil ikkje bare strekkja seg over kommunegrensa, men også over fylkesgrensa.
Her er innkalling til det nye lokallaget, som etter planen skal høyra inn under Rogaland:
Onsdag 22. oktober kl. 18.00 inviterer Naturvernforbundet i Rogaland til stiftingsmøte for lokallag for Vindafjord og Etne. Alle medlemmer i desse kommunane er inviterte. Møtet finn stad i Dreganesvegen 21 i Ølen (Sanitetsforeininga sitt lokale).
På stiftingsmøtet vil det bli valt eit førebels styre, før det blir nytt styreval på årsmøtet i 2026.
Sakliste for stiftingsmøtet:
- Val av møteleiar, referent og protokollunderskrivar
- Godkjenning av innkalling og dagsorden
- Kva område lokallaget skal dekke
- Vedtekter for lokallaget
- Økonomi i lokallaget
- Aktivitetsplan for det komande året
- Val av styre
Forslag til kandidatar til styret vil bli presenterte på møtet. Desse er både frå Vindafjord og Etne. Me føreset at medlemmene i Etne og Vindafjord aksepterer at det blir oppretta eit felles lokallag for desse to kommunane.