
Planane om nytt dagbrot kan prege Sandsfjorden og Økstrafjorden i Ryfylke i svært lang tid framover. Her frå dagens dagbrot ved Jelsa. (Foto: Erik Thoring)
Planane om nytt dagbrot kan prege Sandsfjorden og Økstrafjorden i Ryfylke i opptil 100 år og få følgjer ikkje berre for dagens innbyggjarar, men for tre til fire generasjonar etter oss. Det påpeiker Bevar Økstrafjorden.
Bevar Økstrafjorden arbeider for å ta vare på natur-, landskaps-, frilufts- og bumiljøverdiane i Økstrafjorden, Sandsfjorden og områda som blir råka av nye dagbrot-planar for Berakvam–Kordalsnuten. Denne aksjonsgruppa har følgt saka tett, henta inn kunnskap og arbeidd systematisk for å få sentrale spørsmål belyste.
– Vi har hatt møte med politikarar og administrasjonen, sendt innsynskrav og skrive innlegg. Likevel meiner vi at konsekvensane for helse, miljø og natur ikkje er tilstrekkeleg utgreidde, og at reelle alternativ ikkje er godt nok vurderte. For å kunne etterprøve om avgjerdsgrunnlaget er godt nok, sender vi no fem omfattande innsynskrav til fire offentlege styresmakter, heiter det i ei pressemelding frå Bevar Økstrafjorden.
Det planlagde uttaksområdet Berakvam–Kordalsnuten omfattar rundt 2700 dekar. Planen legg til rette for råstoffutvinning i opptil 100 år. Bak planen står Mibau Stema Norge, tidlegare Norsk Stein, som er ein del av Mibau Stema Group, kontrollert av tyske Heidelberg Materials. Bevar Økstrafjorde meiner fleire sentrale spørsmål om grunnlaget for den store arealavsetjinga framleis står utan svar, og at dokumentasjonen ikkje gjer det mogleg å sjå kva vurderingar som er gjorde. Dei fem innsynskrava blir sende til Suldal kommune, Rogaland fylkeskommune, Statsforvaltaren og Direktoratet for mineralforvaltning.
– Kommunestyret står overfor ei avgjerd som kan prege Sandsfjorden og Økstrafjorden, landskapet rundt og menneska som bur og ferdast her resten av dette hundreåret og langt inn i det neste. Då skal alle sentrale vurderingar fram. Vi må kunne sjå kva som er vurdert, om krava i planprosessen er følgde og kva grunnlag avgjerda byggjer på, seier Øyvind Wigestrand i Bevar Økstrafjorden (BØF).
Eit sentralt spørsmål er kva som skjedde då WindWorks Jelsa, som arbeidde med planar for havvindrelatert industri på Jelsa, seinare stansa planarbeidet sitt. BØF vil vite om bortfallet av dette premisset førte til ei ny vurdering av arealavsetjinga og behovet for det nye uttaksområdet.
Helse, transport og planar som grip inn i kvarandre Innsynskrava omfattar også helsekonsekvensane. Kommunestyret vedtok i april 2024 at Norsk Stein og WindWorks Jelsa skulle utarbeide ei samla helsekonsekvensutgreiing for dei to planane. Etter at WindWorks trekte seg, vart utgreiingskrav endra eller tekne ut. BØF meiner det framleis er uklart korleis kommunestyret sitt vedtak om den samla helsekonsekvensutgreiinga er følgt opp.
BØF ber også om dokumentasjon knytt til transportløysinga mellom det nye uttaksområdet og dagens brot. Planmaterialet for Berakvam–Kordalsnuten byggjer på ein transporttunnel og tekniske anlegg i det eksisterande brotet. Samstundes blir det behandla ein eigen plan for næringsområde i det eksisterande brotet. BØF vil ha avklart om dei to planane er sette under eitt og vurderte som ein heilskap, og om avhengnaden mellom dei er tilstrekkeleg utgreidd.
– Det er summen som gjer dette alvorleg. Vi spør om grunnlaget for sjølve arealavsetjinga, om reelle alternativ, bortfallet av grøn industri, helsekonsekvensane og ei transportløysing som er grunnleggjande for heile prosjektet. Når det handlar om eit nytt uttaksområde på 2700 dekar og opptil 100 år, kan ikkje slike spørsmål bli ståande opne. Dersom vurderingane er gjorde, må dei kunne leggjast fram, seier Wigestrand.
Når svara ligg føre, vil BØF gå gjennom materialet samla og vurdere om dokumentasjonen viser at avgjerdsgrunnlaget er tilstrekkeleg, eller om han avdekkjer forhold som krev vidare oppfølging.