
Hanne Windsholt tel granfangsten som blei gjort av ein ryddegjeng på Store Marøy for nokre år tilbake. Foto: Erik Thoring
Ei oppteljing viser at bare rundt ein av ti klagar på utplanting av sitka og andre utanlandske treslag fører fram. Samtidig betaler staten ut store summar for å fjerna sitkagran.
Ut frå opplysningar som er oppgitt i Miljøvedtaksregisteret kan ein på Vestlandet sidan juni 2025 finna bare to direkte avslag på søknader om planting av utanlandske treslag, i Vindafjord og Kvinnherad. Bare i under 10 prosent av desse sakene blir bruk av utanlandske treslag sett på som ugreitt. Naturvernforbundet har dei siste åra klaga på ei rekkje saker som gjeld utplanting av sitka, men klagane blir i dei fleste tilfella avslått. Ei klagesak i Bjørnafjorden i Vestlandet er den einaste av desse som Naturvernforbundet har fått medhald i.
Siste døme på klageavslag gjeld Vigreskogen på Jæren. Her har Rogaland Skog AS fått løyve til utsetting av 18 250 sitkagran. Miljødirektoratet har i klagebehandlinga konkludert med at sitka er etablert i denne delen av Hå kommune frå før, og at dei positive samfunnsmessige effektane av plantinga veg opp for dei moglege negative effektane. Statsforvaltaren i Rogaland har meint at sitkagran er eigna på Jæren ettersom denne arten ikkje er utsett for skade frå saltrokk frå havet.
Tidlegare klaga Naturvernforbundet, Sabima og WWF på eit løyve frå Statsforvaltaren i Rogaland på ei storstilt replanting av sitkagran i Tysvær. Også her blei klagen avslått av Miljødirektoratet.
Sjølv om staten gir tilskot og løyve til å planta ny sitkagran, blir det også brukt millionsummar på å rydda og fjerna viltveksande sitkagran gjennom Miljødirektoratet sine tilskot til naturrestaurering. Store delar av kysten har gjennom fleire tiår blitt planta med sitkagran, både på fastlandet og på holmar og øyer. Det som ein gang var tenkt til å bli ein ressurs, har blitt eit miljøproblem mange stader.
Under sitkaen er det dødt og mørkt, og nesten bare barnåler. Sitkaen spreier seg lett og veks så tett at den pressar bort dei plantene som naturleg høyrer til i området. Den trugar ein viktig naturtype som kystlynghei og fører til at gamle beitemarker forsvinn gradvis. Når dette skjer, går dette også ut over insekter, fuglar og andre dyr, som mister leveområda sine.
Utanlandske treslag trugar norsk natur, og det blir derfor lagt ned ein stor innsats og store pengesummar for å fjerna dei, men paradoksalt nok er det i mange tilfelle fullt akseptert å planta sitka og liknande tresortar.