
Vernekart for Ragstjørna ved Oltedal.
Kongen i statsråd vedtok 12. desember vern av 32 skogområde i Norge. Eitt av desse gjeld Rogaland.
Vernevedtaket i Rogaland handlar om utviding av Ragstjørna naturreservat ved Oltedal i Gjesdal kommune. Ragstjørna er eit våtmarksverna område som nå blir påplussa med omkringliggjande skogareal. Dette naturreservat blei opphaveleg verna i 1996 med føremål å ta vare på eit viktig hekke- og overvintringsområde for fugl, samt eit geologisk viktig område med eit større steinblokksystem. Utvidinga tilfører auka verdiar ved at eit verdifullt skogsområde med naturtypen flaumskogsmark langs Oltedalselva blir med i vernet. I tillegg er den resterande delen av ei intakt myr innlemma i verneområdet.
Utvidinga er gjennomført etter ordninga for frivillig vern av skog. Det betyr at skogeigar sjølv tar initiativ til ein verneprosess, og får ein gunstig kompensasjon som erstatning for å ikkje hogga eller byggja ut området. Dei skogeigarane som på denne måten hjelper til med å verna om naturen vår, fortener ei stor takk.