Velg en side

ATV-køyring lagar stygge sår i naturen

Skadar i terrenget frå ATV-køyring i Vindafjord. Privat foto

Motorferdsel i utmarka er som hovudregel forbode, men det finst unnatak som er til skade for naturen.

Naturvernforbundet i Rogaland får jamleg tips om ATV-køyring i terrenget rundt om i fylket. Samstundes har Miljødirektoratet merka seg at auka bruk av ATV og liknande køyretøy på barmark, gir fleire og meir alvorlege naturøydeleggingar enn før. Skadane oppstår både ved lovleg og ulovleg køyring.

Det er mogleg å søkja om løyve til motorisert ferdsle, og få dispensasjon frå lova. Kommunane kan gje løyve innafor rammene av regelverket, og ofte gjeld dette ulike former for nyttekøyring. Men dette er ikkje konfliktfritt. Ved sida av at det kan gje skade på terreng og forstyrra fugle- og dyrelivet, kan det føra til konflikt med folk som driv med friluftsliv og som set pris på opplevinga av fred og ro i naturen.

Ein ting som er lovleg, utan å søkja om dispensasjon, er å bruka ATV eller anna motorkøyretøy for å frakta felt vilt, som elg, hjort eller villrein ut av utmarka i samband med jakt. Ved reinsdyrjakt er det nokså vanleg å bruka helikopter til dette.

Etter tips frå publikum sendte fylkeslaget i haust ei bekymringsmelding til Vindafjord kommune om mogleg ulovleg motorferdsel i eit naturområde i Vindafjord. Bilete viste store sår i terrenget etter bruk av ATV, truleg i samband med jakt.

Vurdert av SNO

Etter alt å døme kjem spora og skadane i terrenget frå ATV-transport av felt hjortevilt ned frå fjellet, noko som er lovleg og ikkje avhengig av løyve. Både kommunen og Statens Naturoppsyn (SNO) har sett på saka, og konkludert med at ein i dette tilfellet ikkje kan bevisa at motorferdsla har vore i strid med regelverket. Vindafjord kommune peikar likevel på at det kan sjå ut som denne motorferdsla ikkje har tatt nok omsyn til å unngå skade på naturmiljøet.

Naturvernforbundet ser det som utfordrande at lova delvis opnar for motorisert ferdsle i samband med jakt. Me kjenner også til at SNO på landsbasis har avdekka omfattande bruk av ATV under jakt og til transport til hytter og jaktbasar under jakta. Mykje av dette har vore ulovleg.  Det kan derfor vera gode grunnar for å sjå på regelverket for ferdsel i utmarka og ikkje minst korleis desse reglane blir handheva og praktisert. I det minste må det passast på at køyringa skjer på ein måte som skadar naturen minst mogleg.

I våte område, som me ofte har i vår landsdel i jakttida på hausten, kan køyrespor utvikla seg til bekker som drenerer myr og endrar naturtypen. Røsslyng og andre artar slit med å veksa tilbake, og tynne jordlag kan bli uoppretteleg øydelagt. 

Meld frå!

Talet på registrerte ATV-ar i Noreg har meir enn dobla seg på ti år. I 2024 var det registrert 103 987 ATV-ar, mot 44 774 i 2014. Miljødirektoratet har no starta eit prosjekt der kunstig intelligens blir brukt til å analysere køyrespor frå fly- og dronebilete. Teknologien skal bidra til å avdekkja skadar, følgje utviklinga og setja inn tiltak. 

Miljødirektoratets oppmodar også publikum til å melda frå om mistenkjelege spor i naturen via deira tipsteneste, som du finn her