Velg en side

Ulovleg jakt truar naturmangfaldet

Ulv er det einaste rovdyret i norske skogar som samarbeider når dei jaktar. Foto: Gaute Henriksen

Det er lenge sidan Rogaland var eit typisk ulveområde, men både gaupe og jerv kan ennå vera å sjå i fylket vårt. Nå viser ein ny etterretningsrapport frå Økokrim at ulovleg jakt er utbreitt i store delar av landet.

Ifølgje Økokrim mottek politiet ei rekkje tips om ulovleg jakt på rovvilt. Men det er krevjande å vurdera det reelle omfanget og etterforska sakene, ettersom lovbrota ofte skjer i utmark med lite kontrollverksemd.

Førstestatsadvokat Hans Tore Høviskland i Økokrim seier til fagbladet Økokrim at den ulovlege jakta ofte involverer brutale fellingsmetodar og utset dyra for store lidingar.

Dei fire store rovdyra i Norge, ulv, jerv, bjørn og gaupe, er alle kategorisert som trua artar på den norske raudlista. Ulovleg jakt gir derfor store konsekvensar.

Var eit ulvedistrikt

I Rogaland blir det enkelte år sett ulv, men som regel blir dei raskt skotne. Fram til midten av 1800-talet, før utryddinga blei sett i gang for alvor, var Rogaland og særleg Jæren eit av dei store ulveområda i landet. I Hå kommune sin omtale av Synesvarden landskapsvernområde går det fram at det var bjørn og ulv på Jæren, og at det så seint som i 1850-åra var vanleg at ulvane gjorde store innhogg i saueflokkane. Sauene måtte derfor gjetast, både sommar og vinter. Barn og ungdom frå fattige heimar blei ofte sett til dette.

Det blei skote ulv lovleg i 2003 på Helleland, og i 2020 ved Moi. Når det gjeld ulven kan det framover bli enklare å fella denne arten også utan å ha godkjenning. Frå mars 2025 er ikkje ulv lenger «strictly protected» under Bernkonvesjonen. Nedklassifiseringen skjedde etter støtte frå Norge. Sp-politikar Trygve Slagsvold Vedum feira Bern-vedtaket med å seia at «Dette er ein stor siger for norske lokalsamfunn. Når har ulven same vernestatus som spissmus».

Ulovleg felling av ulv er uansett eit brot på naturmangfaldlova og rekna som miljøkriminalitet, men nedklassifiseringa under Bernkonvesjonen kan endra den offentlege oppfatninga av kor straffverdig felling av ulv er.

Gaupebestanden auka kraftig fram til midten av 1990-tallet, men nå er det mykje som tyder på at det igjen er færre gauper i Rogaland. Foto: Gaute Henriksen

Bjørn og gaupe

På 1800-talet var det også bjørn i fylket vårt. Siste sikre bjørneobservasjon i Rogaland var då ein bjørn blei skoten i Suldal i 1908. Rykta seier at det også er skote bjørn i Rogaland i seinare tid, nært opp mot vår tid.

Gaupa var relativt sjeldan i Rogaland på 1800-talet. I 1992 blei gaupa freda i Sør-Norge, og i 1994 blei det innført kvoteregulert jakt. Gaupebestanden auka kraftig fram til midten av 1990-tallet, men nå er det mykje som tyder på at det igjen er færre gauper i Rogaland.

Når det gjeld jerv, har politikarane bestemt at denne arten ikkje skal yngla i fylket vårt, sjølv om den streifar inn frå andre område. Periodevis blir det observert jerv i fylket vårt, og nokre år blir det skote eller «tatt ut» jerv av SFO.

Ørn og spekkhoggar

I Rogaland blir også kongeørn rekna som eit rovdyr. Den er totalfreda, men det kan bli gitt løyve til skadefelling. På grunn av mye sau har fylket vårt ei lang historie med forvaltning av kongeørn som rovdyr.

Dei siste åra har spekkhoggar blitt eit nytt rovdyr i Rogaland. Denne kvalarten kjem hit vanlegvis på våren for å jakta niser, sel og sild. Spekkhoggarane i Rogaland er også blitt mistenkt for å jakta på villaks. Dette er ein populær og freda dyreart, og blir ikkje jakta på.