1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Lakselobbyen styrer oppdrettsnæringa

Lakselobbyen styrer oppdrettsnæringa

10. desember 2019

DEBATT: Klarar fleirtalspartia i Stavanger å stå mot lakselobbyen når den kjem med sine trugsmål?

Debattinnlegget er skrevet av Hallgeir Langeland og Kjetil Nilsen, styreleder og styremedlem Naturvernforbundet i Rogaland. Innlegget ble publisert i Stavanger Aftenblad 7.12.2019

Det er Stortinget som avgjer korleis norsk politikk skal vera, likar mange av oss å tru. Og ja, det er nasjonalforsamlinga som vedtek lover og budsjett. Men for oppdrettsnæringa er det lakselobbyen som har hatt, og har, makta.

Kampen mot grunnrenta

Siste døme på det var då leiaren av havbruksskatteutvalet, professor i økonomi Karen Helene Ulltveit-Moe, la fram innstillinga frå utvalet, om overskotsbasert grunnrente på 40 prosent. Før innstillinga ein gong er handsama, har Lakselobbyen sikra seg fleirtal på Stortinget mot forslaget!

At laksemilliardærane kjem med truslar om utflagging, om forslaget blir vedteke, er inga overrasking. Men kor til skal dei flagge ut? Til Kypros eller andre skatteparadis? Kan det drivast oppdrett av atlantisk laks der? Nei, det får dei ikkje til (om dei då ikkje investerer i lukka anlegg). Det kalde, klare vatnet i våre norske fjordar har i fleire tiår vore grunnlaget for at dei har blitt milliardærar.

Andre omsyn enn maksimal profitt, har dei ikkje brydd seg med. Profitt har det vorte, og vatnet er jaggu ikkje like klart lenger. Medan det politiske fleirtalet lograr for dei. Ingen miljøspørsmål eller førespurnad om at dei bør bidra til samfunnet, sjølv om dei utnyttar og forureinar våre felles fjordar, og styrer villaks- og sjøaurebestandar mot utrydding.

Til Dagens Næringsliv laurdag 30. november seier professoren og utvalsleiaren: «Jeg har jobbet med næringspolitikk hele karrieren, men jeg har aldri sett en så sterk og massiv lobby som det sjømatnæringen har utført det siste året.»

Men Ulltveit-Moe stod imot og la fram eit forslag til løysing som er heilt på sin plass. Imponerande! Men det politiske fleirtalet på Stortinget har ikkje hennar mot, dessverre.

Nye tonar i Stavanger

Derfor er det svært gledeleg at kan vi sjå politisk mot frå fleirtalet i Nye Stavanger i deira formulering i budsjettforslaget: «Samarbeidspartiene vil at oppdrettsanlegg i kommunen skal ha mål om å være utslippsfrie (lus, fôrrester, kjemikalier, mikroplast, smittestoffer, avføring) – og er rømningsfrie. […] Vi ber kommunedirektøren legge fram en sak for politisk behandling om hvordan og i hvilket omfang vi kan stille slike krav.»

Så er det store spørsmålet det om dei klarar å stå mot lakselobbyen når den kjem med sine trugsmål? Me vonar det, sjølv om me forventar eit og anna avisinnlegg frå til dømes «havøkonom» Bård Misund ved UiS, som skal greie ut om kvifor desse krava er for dryge.

Men finst det alternativ til dagens forureinande, svært profittretta oppdrettsnæring? Ja, det gjer det faktisk! Akvafuture i Nordland har innfridd krava som fleirtalet av norske politikar ikkje tør ta i sin munn – at bransjen skal produsera utan utslepp. Firmaet fekk nyleg Dagens Næringsliv sin Gasellepris for 2019 (krever innlogging): «Lukka, lusefri og lønnsam.»

Dei meiner sjølv at me må ha strengare miljøkrav til bransjen. Nå kan altså norske politikarar ta makta bort frå lakselobbyen og styra oppdrettsnæringa sjølv. Naturvernforbundet vonar dei klarar det!

Forrige nyhet

Oljedama som ble miljøverner

26. november 2019

– Det er nesten bare i Norge det kreves at debatten må nyanseres med at gass er klimavennlig. Gass er oljas svar på Marlboro light. Røyker du Marlboro light, spør Wenche Skorge i en facebookpost. Hun har gått fra et liv i oljebransjen til Naturvernforbundets sentralstyre. Noen ser på henne som en sviker.

Neste nyhet

Øvre del av Skurvedalen i Lysefjorden er vernet som skogreservat!

10. desember 2019

I årets "julevernerunde" har regjeringen vernet 28 nye reservater i landet hvorav fire ligger i Rogaland.